Smôgafestivalen 2025 - Romanoregia
Laurdag 5. juli kl 18
Eit møte mellom to europeiske land, Romania og Noreg; skildra gjennom begge lands musikalske opphavsmateriale

Verket «Romanoregia» er eit møte mellom to europeiske land, Romania og Noreg; skildra gjennom begge lands musikalske opphavsmateriale; den rumenske doina og den norske hardingfelemusikken; i dialog, i kontrapunkt, i overlapping — undersøkjande likskapar og kontrastar. Verket, mellom andre verk, vert framført av UNG kammer, ei undergruppe av NOR59 Strykeinstitutt. NOR59 vart starta av Thorn Magnus Reymert i 2008. I dag har instituttet meir enn 150 elevar fordelt på fem orkesternivå. Reymerts slagord og drivkraft er: «Hvis du plukker 100 barn tilfeldig fra gaten, vil 70 av dem kunne bli musikere på heltid.» Finst det viktigare fredsarbeid?
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikke