Smôgafestivalen 2025 - Shirabe
Onsdag 2. juli kl 18
Musikk for bratsj, 2 harper og strykekvartett

Verket «Shirabe» (tyding: ’melodi’, eller ’å undersøkja' — nemleg tilhøvet mellom ein sjølv og den kosmiske tilstanden ein finst i), er eit møte mellom tre lands kulturar der idear og element overlappar kvarandre med sine eigne stemmer, karakteristikkar og signaturar. Harpisten Maria Bubnova frå Moskva drog frå Russland til Noreg for å studera. No er det ingen veg attende. På eksamenskonserten spela ho m.a. ukrainsk musikk. Hindemith var opphavet til hennar prosjekt «Krig og fred, mot krig, for fred», ein konsert ho heldt ved Nobels fredssenter. Med seg har ho den polske harpisten Marcelina Dabek, samt bratsjisten Simon Habbestad Kjelsås og ein strykekvartett frå NOR59 strykeinstitutt.
Maria Bubnova, harpe
Marcelina Dabek, harpe
Simon Habbestad Kjelsås, bratsj
NOR59 strykekvartett
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes ikke