Smôgafestivalen 2025 - Fred for fjern og nær!
Tysdag 1. juli kl 18
Direktør for Nobels Fredssenter, Kjersti Fløgstad,
i samtale med Ida Habbestad

Alle ber på ein draum om at det på jorda skal råda fred, rettferd og forsoning mellom menneske, folkegrupper og nasjonar. Men realitetane er annleis; me lever i ei verd der vald, terror og krig rår og der rustningsindustrien går for fullt for å produsera våpen av alle slag. I denne konserten belyser me fredstemaet i to innfallsvinklar; gjennom ein samtale mellom direktør for Nobels Fredssenter, Kjersti Fløgstad, og Ida Habbestad, og dinest i kunstnarleg form gjennom Arnold Eid slott-tekstar, samt fredssitat frå heile verda, samansette i komposisjonen
«Fred for fjern og nær» av Kjell Habbestad (urframføring).
Inger E. B. Habbestad: resitasjon
Erlend Habbestad, cello, Ida Habbestad, fløyte
Kjell Habbestad, piano og komposisjon
Kor: Barneborna Frida, Hanna, Mattis, Laura og Ingrid
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes ikke